Forbetringsrapport etter alvorleg hending
Verksemder som har fått brev frå Statsforvaltaren om å sende inn ein forbetringsrapport etter ei alvorleg hending, skal bruke dette skjemaet til å sende inn rapporten.
For å kunne sende inn skjemaet må de ha tilgjengeleg namn og fødselsnummer på pasienten hendinga gjeld, og kontaktinformasjon til ein kontaktperson som Statsforvaltaren kan kontakte i etterkant. Det er også ein fordel om de har saksnummeret frå Statsforvaltaren og referansenummeret for meldinga de fekk etter innsending på melde.no.
Når de bruker dette skjemaet, kjem rapporten til rett statsforvaltar, og de har fullført oppgåva med å sende inn forbetringsrapporten.
Når skal skjemaet brukast?
Verksemder kan bruke dette skjemaet når dei har fått brev frå Statsforvaltaren om å sende inn forbetringsrapport etter ei alvorleg hending.
Kven skal bruke skjemaet?
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet kan verksemda di få tilgang på to måtar:
Enkeltteneste: Du kan få tildelt enkeltteneste berre for dette skjemaet.
Tilgangspakke(-r): For å bruke dette skjemaet kan du ha ein av desse tilgangspakkane for verksemda:
«Helsetenester med personopplysningar av særleg kategori»
«Dagleg leiar»
«Kommuneoverlege»
Informasjon om tildeling av fullmakter i Altinn finn du her: https://info.altinn.no/hjelp/ny-tilgangsstyring/
Teknisk brukerstøtte: https://www.statsforvalteren.no/hjelp