Eigarar av varebilar og små lastebilar som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysingar om køyring og eventuell frakt av gods i ei rapporteringsveke, i tillegg til opplysingar om bilen. Opplysingane blir nytta til regional og nasjonal planlegging av transport og infrastrukturtiltak.
Til innboksenDenne undersøkinga blei gjennomført i 2018 og resultata blei publiserte våren 2019. Ein enkelt bil kan ikkje bli trekt ut meir enn éin gong, men føretak som eig fleire bilar kan få fleire bilar trekt ut samtidig.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Privatpersonar og føretak som eig ein bil som blir trekt ut til å delta, skal sende inn skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket eller privatpersonen sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysingar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».