Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Statens sentrale tenestemannsregister (RA-0688)

Statlege føretak skal levere lønnsopplysningar for alle tilsette per 1. mars og 1. oktober kvart år. Opplysningane blir nytta til å vise lønnsnivået og endring i lønn for tilsette i staten. Statistikken blir brukt av statlege arbeidsgivarar, tenestemannsorganisasjonane, Stortinget, ulike forskingsinstitusjonar, studentar mv.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

To gonger pr. år.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Statlege føretak skal levere lønnsopplysningar for alle tilsette per 1. mars og 1. oktober kvart år. Opplysningane blir nytta til å vise lønnsnivået og endring i lønn for tilsette i staten. Statistikken blir brukt av statlege arbeidsgivarar, tenestemannsorganisasjonane, Stortinget, ulike forskingsinstitusjonar, studentar mv.

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring