Alle sokn under Den norske kyrkja skal gi opplysningar om blant anna gudstenester, konfirmasjonar, vigslar, gravferder, tilbod til barn og vaksne, misjonsavtalar m.m. Opplysningane gir ei oppsummering av kyrkjeleg verksemd i soknet.
Til innboksenÅrleg
Alle sokn under Den norske kyrkja, med unntak av sokn knytt til Døvekyrkja, for å unngå dobbeltrapportering.
For å kunne sjå, fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Reknskapsførar utan signeringsrett.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i soknets innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller manglar, kan de sende det inn på nytt ved å finne det innsendte skjemaet i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».
Forskrift om kirkeordning for Den norske kirke § 12 siste ledd. Kyrkjeordninga er fastsett med heimel i trossamfunnsloven § 12 annet ledd.