Kommunar skal gi informasjon om barne- og ungdomstiltak til frivillige lag og foreiningar i kommunen. Denne innsamlinga er ein del av KOSTRA. KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) er eit nasjonalt informasjonssystem som gir styringsinformasjon om kommunal verksemd. Opplysningane som samlast inn her blir publiserte som grunnlagstal og indikatorar som gir innbyggjarar, media, kommunane sjølve, staten og andre interesserte høve til å få Informasjon om det meste av (fylkes-)kommunal tenesteproduksjon.

Til innboksen

Om denne tenesta

Årleg.

Skjemaet skal fyllast ut på kommunenivå av øvste ansvarlege for barne- og ungdomstiltak i den etat/seksjon som er tillagt dette ansvaret. Den som fyller ut skjemaet skal oppførast med namn.

For å kunne sjå, fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendarAnsvarleg revisorRekneskapsførar med signeringsrett eller Reknskapsførar utan signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Skjemaet ligg i føretakets (kommunens) innboks.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller manglar, kan de sende det inn på nytt ved å finne det innsendte skjemaet i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema