Omsetning, kostnader og investeringar i næringslivet (Sjøfart utanriks, RA-0481)
Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal i hovudsak gi opplysningar om omsetning og kostnader fordelte på kvar einskild undereining. Opplysningane blir nytta til å lage statistikk som belyser den økonomiske aktiviteten i ulike næringar.
Kor ofte skal skjemaet sendast inn?
Årleg
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Kven skal sende inn skjemaet?
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsførar med signeringsrett», «Rekneskapsførar utan signeringsrett», «Ansvarleg revisor», «Rekneskap og økonomirapportering» eller «Sjøfart». Ein kan også få tilgang i form av ei enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Korleis finne skjemaet?
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".