Samhandlingslegar (RA-0847)
Dataa som blir samla inn dannar grunnlaget for offisiell statistikk om spesialisthelsetenesta. Statistikken skal gi styringsinformasjon til myndigheitene om kapasitet, personell og økonomi i denne delen av helsetenesta.
Statistisk sentralbyrå (SSB) inngjekk i 2003 ein avtale om helse- og sosialstatistikk med Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) og dets underliggjande etatar. Formålet med avtalen er å samordne innsamlinga av data.
Årleg.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ein av desse tilgangspakkane i Altinn:
Rapportering av statistikk
Rekneskapsførar m signeringsrett
Rekneskapsførar u signeringsrett
Ansvarleg revisor
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om tilgangspakkar og rettar.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at dataa er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».
Spørsmål om skjema?
Meir informasjon finn du her