Produsentprisar for tenester - Fordeling av omsetning (RA-3001)
Opplysningane blir brukte til å kartleggje tenestenæringane og som vektdelar i berekninga av produsentprisindeksen for tenester.
Statistikken er viktig for nasjonalrekneskapen, og er eit av krava i det nye rammeverket for europeisk næringslivsstatistikk (EBS). Offentlege verksemder, næringsliv, forskarar og politikarar bruker statistikken for å overvake og forstå prisutviklinga i dei ulike næringane.
Årleg
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsførar med signeringsrett», «Rekneskapsførar utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor».
Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om tilgangspakkar og rettar.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».