Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Produsentprisar for tenester - Prisar (RA-3002)

Opplysningane blir brukte til å belyse prisutviklinga innanfor dei ulike tenestenæringane.

Statistikken er viktig for nasjonalrekneskapen, og er eit av krava i det nye rammeverket for europeisk næringslivsstatistikk (EBS). Offentlege verksemder, næringsliv, forskarar og politikarar bruker statistikken for å overvake og forstå prisutviklinga i dei ulike næringane.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Kvartalsvis

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsførar med signeringsrett», «Rekneskapsførar utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor». 
Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om tilgangspakkar og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».

Aktuelt regelverk

Meir informasjon om undersøkinga finn du på ssb.no

Tilgjengelegheitserklæring