Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om tilsådd og hausta areal, avling av eng og andre grovfôrvekstar og potet og korn til krossing. Opplysningane blir nytta til å utarbeide offisiell statistikk til bruk både innanfor privat og offentleg forvaltning, samfunnsplanlegging, forsking og rettleiing.
Til innboksenÅrleg.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar utan signeringsrett eller Rekneskapsførar med signeringsrett.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».