Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om kor stor bruken av biologiske og kjemiske planteverntiltak er i det utvalde året. Biologiske planteverntiltak er nytteorganismar som insekt, rovmidd, nematodar, sopp, bakteriar og virus. Opplysningane som blir henta inn kvart 3. år, er nyttige i samband med godkjenning av preparat og stoff, ved berekning av eksponering og risikovurdering og meir generelt til forsking og rettleiing.
Til innboksen
Kvart 3. år.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Skjemaet krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».