Skjemaet blir sendt til verksemder der næringskode i dagens Standard for næringsgruppering (SN2007) blir splitta i fleire kodar i ny næringsstandard og der SSB ikkje har andre kjelder til å fastsetje ny næringskode. Eininga skal velje korrekt næringskode ved å velje det alternativet som best beskriv den viktigaste aktiviteten for verksemda.
Til innboksenÅrleg
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre verksemder som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».