Verdipapirføretak skal gi opplysningar om behaldningar av verdipapir som blir oppbevarte på vegner av kundar i eige depot eller i anna norsk eller utanlandsk depot. Opplysningane bidreg med behaldningsstorleikar til finansielt sektorrekneskap, nasjonalrekneskapen og den kvartalsvise fondsstatistikken.
Til innboksenMånadleg.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre verdipapirføretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».