Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om utførte investeringar i føregåande kvartal og overslag for framtidige periodar. Statistikken over investeringar i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning er ein viktig indikator for å forstå den økonomiske utviklinga i Noreg, og for å skaffe informasjon om innanlandsk etterspørsel etter kapitalvarer.
Til innboksenKvartalsvis
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/Innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett eller Rekneskapsmedarbeidar.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".