Alle kommunar som krev inn eigedomsskatt for bustadar og fritidsbustadar med heimel i eigedomsskattelova, skal levere ei fil på eit spesifikt XML-format som inneheld informasjon om kvar enkelt bustad og fritidsbustad. Dette kjem i tillegg til innhentinga av data om eigedomsskatt via Kostra. 

Til innboksen

Om denne tenesta

Eigedomsskattedataa skal sendast inn i mars kvart år.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Alle kommunar som krev inn eigedomsskatt for bustadar og fritidsbustadar med heimel i eigedomsskattelova.

For å kunne sende inn via Altinn treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Skjemaet ligg i kommunen (hovudeininga) sin innboks i Altinn.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne det innsendte skjemaet i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon og beskriving av vedleggsfiler finn du her.

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema