Norske føretak (norske investorar) som har direkte eigardelar på 20 prosent eller meir i utanlandske føretak, og som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om eigarforhold mv. i utanlandske dotter- og konsernselskap. Opplysningane blir nytta til å lage statistikkane «Norske direkteinvesteringar i utlandet» og «Norskkontrollerte føretaks aktivitet i utlandet».
Til innboksenÅrleg.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du ei av disse Altinn-rollene: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett .
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Skjemaet krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».