Formålet med undersøkinga er å kartleggje norske føretak si deltaking i globale verdikjeder. Det er særleg fokus på føretaka si flytting av forretningsaktivitetar til utlandet (outsourcing) og korleis dette påverkar arbeidsplassar og moglegheitene til å skape nye.

Til innboksen

Om denne tenesta

Kvart 3. år.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/Innsendar, Ansvarleg Revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar. 

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema