Offentleg eigde føretak skal kvart år gi opplysningar om rekneskapa deira. Opplysningane blir nytta til å skaffe talmateriale til makroøkonomisk statistikk og til statistikk om offentlege føretak.
Til innboksenÅrleg
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».