Føretak som opererer lufthamner i Noreg, skal gi opplysningar om gods- og passasjertrafikk ved norske lufthamner. Opplysningane blir nytta til å beskrive all kommersiell lufttransport av passasjerar og gods i Noreg og mellom Noreg og utlandet.

Til innboksen

Om denne tenesta

Kvartalsvis

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn:  Utfyllar/Innsendar, Ansvarleg Revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon og beskriving av vedleggsfiler finn du her

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema