Alle ledd av dei ulike politiske partia skal gi opplysningar om inntekter, kostnader og balansetal kvart år. Informasjonen blir nytta til å sikre offentleg innsyn og motverke korrupsjon ved openheit om finansieringa av dei politiske partia.
Start tenesteÅrleg.
Tenesta for å sende inn opplysningar er tilgjengeleg frå medio mars. Svarfrist: 1. juni.
Alle partiledd skal svare på skjemaet.
Tenesta krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Lova krev at partileiar og eit styremedlem i partiorganisasjonen signerer rapporten.
Alle partiledd kan hente skjemaet via www.partiportalen.no eller frå skjemakatalogen i Altinn. Ein får tilgang til skjemaet ved bruk av ID og passord som finst på partileddet si profilside i Partiportalen.
Dersom partilaget hadde under 12 000 kr i inntekter i året når all offentleg stønad er trekt frå, må laget sende inn ei forenkla rapportering.
Rettleiing på korleis du henter, fyll ut, signerer og sender inn skjemaet finn du på partiportalen.no
Skjemaet blir sendt inn så snart begge dei to som skal signera, har signert. Når skjemaet er sendt inn vil den som først henta det opp og fylte det ut, få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende, og skjemaet blir deretter liggande lagra i denne personen sin Innboks (i «Arkiv»).
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».