Verksemder som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om forbruk og lagerbehaldning av kol, koks og petrolkoks, bruken av naturgass og LPG som råstoff og utnytting av CO-gass. Tala blir nytta i den årlege energibalansen for Noreg og i utsleppsberekningar.

Til innboksen

Om denne tenesta

Årleg

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Berre verksemder (undereiningar/avdelingar) som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

For føretak med fleire verksemder (undereiningar/avdelingar) ligg skjemaet i verksemda sin innboks. For å komme til verksemda sin innboks, logger du først inn i Altinn. Deretter trykker du på ikonet øvst i høgre hjørne. Vel «Vis alle aktørar». Merk av i boksen «Sjå alle undereiningar». Her vel du den aktøren (verksemda) du skal svare for.

For føretak med éi verksemd blir skjemaet sendt til føretaket sin innboks (det juridiske organisasjonsnummeret). Dette skjemaet er merkt med verksemda sitt organisasjonsnummer på den første sida i skjemaet.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema