Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Statistisk sentralbyrå
  4. Digitalisering og IKT i offentleg sektor

Digitalisering og IKT i offentleg sektor (RA-0536)

Statlege verksemder, kommunar og fylkeskommunar skal gi informasjon innanfor områda digitaliseringstiltak, kunstig intelligens, digitale tenester, informasjons- og IKT-sikkerheit, deling og bruk av data, og IKT-spesialistar og IKT-kompetanse.   Informasjonen blir brukt til å kartleggje dagens situasjon om bruk av IKT og digitalisering i offentleg sektor.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett»  eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).

Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

 

 

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».

Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, ber vi om at de tek kontakt med statistikkansvarleg på iktstat@ssb.no.

Aktuelt regelverk

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring