Bankar, finansieringsføretak, oppgjerssentralar og andre institusjonar og føretak som driv betalingsformidling eller yter tenester mot finansiell sektor som er knytt til betalingsformidling, skal årleg (eller etter avtale kvartalsvis) levere rapportar om betalingsformidling. Opplysningane blir nytta i Noregs Banks arbeid med å fremje effektive betalingssystem. Rapporteringa er vedleggsbasert.
Til innboksenÅrleg.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut dette skjemaet, treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».