Opplysningane blir henta inn for å få ei oversikt over beredskapslagring og sikre forsyningane av petroleumsprodukt. Verksemder som har importert eller framstilt lagringspliktige petroleumsprodukt på til saman 10 000 m3 eller meir, skal ifølgje lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt av 18. august 2006 og tilhøyrande forskrift ha eit lager av produkta for å sikre forsyningane.
Til innboksenKvartalsvis/årleg
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".
Opplysningane blir samla inn av Statistisk sentralbyrå på vegner av Nærings- og fiskeridepartementet i medhald av
lov av 18.08.2006 Lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt med tilhøyrande forskrift FOR-2006-09-01-1019. Statistisk sentralbyrå vil i samsvar medlov av 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (Statistikklova) samtidig nytte opplysningane til utarbeiding av offisiell statistikk.