Kompetansebevis for førar av utrykkingskøyretøy

Søknaden blir send inn av dei som skal vere førar for utrykkingskøyretøy.

Finn skjemaet på vegvesen.no

Om denne tenesta

Alle som ønskjer kompetansebevis for utrykkingskøyretøy.

Følgjande dokumentasjon skal vedleggjast søknaden:

  • Søkjaren må leggje ved kopi av førarkort klasse B. (både fram- og bakside).
  • Søkjar må leggje ved dokumentasjon gjennomført eit obligatorisk kurs for utrykkingskøyretøy, og bestå teoriprøve og oppkøyring.
  • Søkjar må levere helseattest og oppfylle dei same helsekrav og optikarkrav som gjeld for førarkortklasse D.
  • Søker må kunne dokumentere arbeidsforhold eller frivillig arbeid som inneber utrykkingskøyretøy.

Dokumentasjonen skal ikkje vere eldre enn 6 månader.

Kriterium/vilkår:

  • Søkjaren må ha hatt førarrett for klasse B utan avbrot dei siste 2 åra.
  • Søkjar må ha gjennomført eit obligatorisk kurs for utrykkingskøyretøy, og bestå teoriprøve og oppkøyring.
  • Søkjar må vere fylt 20 år.
  • Søkjar må levere helseattest og oppfylle dei same helsekrav og optikarkrav som gjeld for førarkortklasse D.
  • Søker må kunne dokumentere arbeidsforhold eller frivillig arbeid som inneber utrykkingskøyretøy.
  • Kompetansebeviset for utrykking er gyldig i fem år.

Altinn - om godkjenning av praksis/utdanning frå utlandet for kompetansebevis for førar av utrykkingskøyretøy.

Kontaktinformasjon

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 LILLEHAMMER

E-post: firmapost@vegvesen.no
Telefon: 22 07 30 00

Åpne kontaktskjema