Godkjenning som trafikkskole

For å drive med trafikkopplæring må du ha godkjenning frå Statens vegvesen. Du kan søkje om godkjenning som trafikkskule og kursarrangør, eller godkjenning for trafikkopplæring i offentleg skuleverk.

Statens vegvesen - søknad om godkjenning av trafikkskole

Om denne tenesta

Alle som ønskjer å drive med trafikkopplæring.

Det er ikkje krav om vedlegg, og dersom det er behov for ytterlegare dokumentasjon, vil du bli kontakta.

Søknadsskjemaet blir sendt inn til regionskontoret i den regionen der trafikkskulen skal etablerast. Dersom søknaden gjeld godkjenning som kursarrangør for klasse S (snøskuter) skal søknaden sendast til region nord.

Gebyr:

Statens vegvesen krev gebyr for behandling av søknad om godkjenning som trafikkskule, jf. Forskrift om gebyr på tenester utført av Statens vegvesen på trafikant- og køyretøyområdet § 10-1, og trafikkopplæringsforskrifta § 5-14. Gebyret må betalast sjølv om du får avslag på søknaden.

Saksbehandlingstid:

Godkjenningsstyresmakta skal stadfeste mottak av søknaden din innan ein månad etter at den er motteken, og opplyse om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.Godkjenningsstyresmakta skal ha ferdigbehandla søknaden innan ein månad etter at søknaden var komplett.

Klagerett:

Når godkjenningsstyresmakta har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klaga på dette vedtaket etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.

 

Kontaktinformasjon

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 LILLEHAMMER

E-post: firmapost@vegvesen.no
Telefon: 22 07 30 00

Åpne kontaktskjema