For å jobba som trafikklærar eller fagleg leiar av ein trafikkskule må du ha godkjenning frå Statens vegvesen.
Statens vegvesen - utdanningskrav til lærarar og faglege leiarar
Finn skjemaet på vegvesen.noAlle som ønskjer å jobba som trafikklærar eller fagleg leiar ved ein trafikkskule.
Oversikt over kva vedlegg som krevst finn du i søknadsskjemaet.
Søknad om godkjenning må sendast til regionvegkontoret i den regionen vedkommande skal begynne praksisen sin.
I tilfelle der det ligg føre praksis/utdanning frå utlandet, skal søknaden også sendast regionvegkontoret i den regionen vedkommande skal begynne praksisen sin.
Altinn - om godkjenning av praksis/utdanning frå utlandet for trafikklærar
Personar som skal ha offentleg godkjenning som trafikklærarar, må vere fylt 21 år. Dei må vere edruelege og dokumentere med ordinær politiattest at dei har slik vandel at dei er funnen skikka som trafikklærarar. Dei må ha gyldig førarkort for motorvogn av den gruppa som det skal bli gitt undervisning i, og dessutan ha bestått ei trafikklærarprøve.
Fagleg leiar av ein trafikkskule skal ha godkjenning som trafikklærar, ha minst tre års lærarpraksis som hovudyrke ved ein trafikkskule etter grunnutdanning for trafikklærarar, og ha gått gjennom fagleg leiarkurs ved Nord universitet eller ha ei anna tilsvarande leiarutdanning.
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 LILLEHAMMER
E-post: firmapost@vegvesen.no
Telefon: 22 07 30 00