Skjemaet nyttas ved søknad om:
•Godkjenning av kjøretøyverkstad
•Særskilt arbeidstillatelse for bestemte typar arbeid på kjøretøy
Informasjon om kva som skal leggjast ved finnar du i søknadsskjemaet.
Krava til kva som må dokumenterast finst òg beskrive i informasjonen om godkjenningane på denne sida.
Om godkjenning av køyretøyverkstader
Dei som skal utføre godkjenningspliktig arbeid på bestemte delar på køyretøy (til dømes bremsar, styringsinnretning, berande konstruksjon, drivverk, hjuloppheng, hjulutrustning, motor, lysutstyr osb.) må ha ei godkjenning frå Statens vegvesen. For å få godkjenning som køyretøyverkstad må verksemda dokumentere å ha godkjende lokale, naudsynt utstyr og eit kvalitetsstyringssystem for verkstaddrifta. I tillegg må verksemda ha ein teknisk leiar og stedfortredar som må ha personleg godkjenning frå Statens vegvesen
Om godkjenning som fartsskriververkstad
Verksemder som skal tilby arbeid på fartsskrivarar og tilhøyrande komponentar på køyretøy må vere godkjende av Statens vegvesen. For å få godkjenning som fartsskrivarverkstad må verksemda dokumentere å ha godkjende lokale, naudsynt utstyr og eit kvalitetsstyringssystem for verkstaddrifta. I tillegg må verksemda ha ein ansvarleg leiar og stedfortredar som oppfyller kompetansekrav for arbeid på fartsskrivarar.
Om godkjenning som alkolåsverkstad
Verksemder som skal tilby arbeid på alkolås på minibussar og bussar som vert nytta til persontransport mot vederlag må ha godkjenning som alkolåsverkstad. For å få godkjenning som alkolåsverkstad må verksemda dokumentere å ha godkjende lokale, naudsynt utstyr og eit kvalitetsstyringssystem for verkstaddrifta. I tillegg må verksemda ha ein ansvarleg leiar og stedfortredar som oppfyller kompetansekrava for arbeid på alkolås.
For å bli godkjent som kontrollorgan må verksemda dokumentere at lokale og teknisk utstyr har naudsynte løyver. For å bli godkjent som kontrollorgan må verksemda også ha ein godkjent teknisk leiar og stedfortredar. Både teknisk leiar og stedfortredar, samt kontrollørar som skal utføre periodisk kontroll, må ha personleg godkjenning som kontrollør.
Statens vegvesen - krav til personlig godkjenning for kontrollører
Om særskild arbeidsløyve for bestemte typar arbeid på køyretøy.
Statens vegvesen kan gje særskild arbeidsløyve for bestemte typar arbeid på køyretøy dersom verksemda kan dokumentere at dei har føresetnader for å utføre slikt arbeid.
Gebyr:
For behandling av søknad om godkjenning må det betalast eit gebyr:
Saksbehandlingstid:
For søknader om godkjenning av køyretøyverkstad, særskild arbeidsløyve, fartsskriververkstad, alkolåsverkstad og kontrollorgan skal søknaden bli behandla innan ein månad. Saksbehandlingstida startar frå det tidspunktet Statens vegvesen har motteke all nødvendig dokumentasjon i saka. Dersom det ikkje er mogleg å behandle saka innan ein månad, skal Statens vegvesen gi søkjaren ei førebels melding med informasjon om når saka kan forventast å bli ferdig behandla.
Klagerett:
Det er klagerett på saker om godkjenning. Søkjar kan klage på Statens vegvesen sitt vedtak i samsvar med forvaltningslova.
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 LILLEHAMMER
E-post: firmapost@vegvesen.no
Telefon: 22 07 30 00