For å kunne tilby yrkessjåføropplæring skal lærestad, undervisningsansvarleg og undervisningspersonellet vera godkjent av Statens vegvesen.
Statens vegvesen - søknad om godkjenning som lærestad for yrkessjåførutdanning
Verksemder som ønsker å tilby yrkessjåføropplæring.
Informasjon om kva vedlegg som krevst finn du i søknadsskjemaet som er tilgjengeleg på nettsida til Statens vegvesen.
Kriterium/vilkår:
Lærestaden skal ha ein undervisningsansvarleg som er godkjend av Statens vegvesen. Du søkjer om godkjenning av undervisningsansvarleg i same søknadsskjema som for å bli ein godkjend lærestad.
Det trengst per no ikkje særskild godkjenning av dei som skal undervisa innan yrkessjåførutdanninga. Det blir likevel stilt kompetansekrav til lærarane, og det er ansvaret for skulen at dei nyttar kvalifiserte lærarar.
Per i dag krevst det ikkje særskild godkjenning av dei som skal undervisa innan yrkessjåførutdanninga. Det blir likevel stilt kompetansekrav til lærarane, og det er ansvaret for skulen at dei nyttar kvalifiserte lærarar. Godkjenning blir gitt etter dokumentert søknad.
Gebyr:
Det er ikkje gebyr.
Saksbehandlingstid:
Godkjenningsstyresmakta skal stadfeste mottak av søknaden din innan ein månad etter at den er motteken, og opplyse om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.
Godkjenningsstyresmakta skal ha ferdigbehandla søknaden innan ein månad etter at søknaden var komplett.
Klagerett:
Når godkjenningsstyresmakta har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klaga på dette vedtaket etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 LILLEHAMMER
E-post: firmapost@vegvesen.no
Telefon: 22 07 30 00