Godkjenning av kursarrangør for førere av utrykkingskøyretøy

Søknaden må sendast inn av den som skal arrangere kurs for førere av utrykkingskøyretøy. Søkjaren må vere ein offentleg etat, eit privat føretak eller ein organisasjon som har utrykkingsteneste som ein naturleg og vesentleg del av verksemda si.

Om denne tenesta

Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:

Søknaden skal innehalde undervisingsplan, dokumentasjon på godkjent undervisingspersonell (undervisingsansvarleg og instruktørar), informasjon om organisasjonsnummer, kontoradresse, postadresse og dessutan opplysningar om kor undervisinga skal føregå og kva for kjøretøy som skal nyttast i opplæringa.

Kriterium/vilkår:

Søkaren må vere offentleg etat, privat føretak eller organisasjon som har utrykkingsteneste som ein naturleg og vesentleg del av sin verksemda.

Merknader:

Godkjenninga gjeld for fem år. Det må deretter søkjast om fornying.

Forskrift om krav til opplæring, prøve og kompetanse for utrykningskjøretøy (utrykningsforskriften), § 10. Administrative krav til kursarrangør

Forskrift om krav til opplæring, prøve og kompetanse for utrykningskjøretøy (utrykningsforskriften), § 11. Faglige og pedagogiske krav til kursarrangør

Gebyr:

Statens vegvesen krev gebyr for behandling av søknad om godkjenning av kursarrangør for utrykkingskøyretøy, jf. Forskrift om gebyr på tenester utført av Statens vegvesen på trafikant- og køyretøyområdet § 11-1 og utrykkingsforskrifta § 9a. Gebyret for godkjenning som kursarrangør er i 2025 på kroner 6.830, medan fornying av godkjenning har eit gebyr på 4.490 kroner. Gebyret må betalast sjølv om du får avslag på søknaden.

Saksbehandlingstid:

Godkjenningsstyresmakta skal stadfeste mottak av søknaden din innan ein månad etter at den er motteken, og opplyse om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.

Godkjenningsstyresmakta skal ha ferdigbehandla søknaden innan ein månad etter at søknaden var komplett.

Klagerett:

Når godkjenningsstyresmakta har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klaga på dette vedtaket etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.

 

Kontaktinformasjon

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 LILLEHAMMER

E-post: firmapost@vegvesen.no
Telefon: 22 07 30 00

Åpne kontaktskjema