Skjema blir brukt av person som ønskjer å bli verje for vaksne og/eller mindreårige eller for person som ønskjer å bli representant for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.

Start teneste

Om denne tenesta

Kven som kan bli verje følgjer av verjemålslova § 28. For å bli verje må du vere eigna, dvs. kvalifisert og skikka for det aktuelle verjeoppdraget. Du må i tillegg vere over 18 år, ha ordna økonomi og ikkje ha motstridande interesser med den du skal vere verje for. Dersom du sjølv er under verjemål, kan du ikkje vere verje for andre. Kven som kan bli representant for einslege mindreårige asylsøkjarar følgjer av utlendingslova § 98-c. For å bli representant, må du vere eigna, dvs. kvalifisert og skikka til å vareta interessene til den mindreårige på best mogleg måte. Du må ha gode kunnskapar om det norske samfunnet og det norske språket, og du må kunne orientere deg i det offentlege systemet. Ektefellen eller sambuaren til den mindreårige kan ikkje vere representant. Søknad blir send dersom ein person ønskjer å bli verje eller representant. Skjemaet blir sendt inn som privatperson. Skjemaet krev innlogging med tryggingsnivå 3 eller høgare
IngressNynorsk: Skjema blir brukt av person som ønskjer å bli verje for vaksne og/eller mindreårige eller for person som ønskjer å bli representant for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.

I skjemaet kan du leggje ved CV, referansar (namn og telefonnummer) og eventuelt utfyllande grunngiving for søknad.

Trenger du hjelp

Ved faglige spørsmål, finn riktig kontaktperson i lokal vergemålsmyndighet

Åpne kontaktskjema