Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Statens arbeidsmiljøinstitutt
  4. STAMI Expo

STAMI Expo

Expo er ei nettløysing for å registrere og halde oversikt over verksemda sine arbeidsmiljømålingar.
 

Når skal skjemaet brukast?

Expo nyttast i samband med måling av lufteksponering på arbeidsplassen.

Expo kan nyttast til å leggje inn planlagde prøveseriar, resultat frå prøvetaking og for å få oversikt over eksponeringa i verksemda.

Les meir om Expo

Kven skal bruke skjemaet?

Tenesta er eit tilbod til verksemder som utfører målingar av lufteksponeringar i arbeidsatmosfæren. Ein må representere eit føretak for å bruke Expo. Prøvar registrerast på den verksemda i føretaket der arbeidstakarane det målast på er tilsett.

For å få tilgang til Expo må ein ha tilgangspakken sikkerheit og internkontroll på vegne av verksemda. Ein kan også få tilgang til Expo som enkeltteneste på vegne av verksemda.

Du kan sjå kva for rollar du har for ein aktør under tilgangsstyring i Altinn.

Les meir om korleis du får tilgang til Expo

Meir om skjemaet

Data frå Expo inngår i den nasjonale databasen for kjemisk og biologisk eksponering. STAMI kan nytte data til statistikk og forsking på eksponeringar i norsk arbeidsliv. Dermed bidrar data til auka kunnskap om eksponering i ulike bransjar og yrker. Data nyttast slik at det ikkje er mogleg å spore tilbake til verksemdene.