Skjema for rapportering av oppgåver over tilskot til institutt som forestår vitskapeleg forsking eller yrkesopplæring.

Start teneste

Om denne tenesta

Årleg rapportering, frist 20. januar.

  • 2. januar: Altinn opnar for rapportering av tredjepartsopplysningar
  • 20. januar: Frist for rapportering av tredjepartsopplysningar over tilskot til vitskapeleg forsking eller yrkesopplæring
  • 1. mars: Siste frist for korrigeringar som skal kome med i den førehandsutfylte skattemeldinga
  • 20. oktober: Siste frist for korrigeringar for føregåande inntektsår

Merk: Oppgåver som blir leverte etter fristen året etter inntektsåret, er for seint leverte, og oppgåvegivar kan bli pålagd tvangsmulkt.

Korrigering

Ein korrigerer feil i innsendte oppgåver ved å sende dei inn på nytt med riktig beløp. Siste innsending gjeld.

Institutter som mottar tilskot til vitskapleg forsking eller yrkesopplæring og som er godkjende etter skatteloven § 6-42 og som har plikt til å levere tredjepartsopplysningar.

For å rapportera tredjepartsopplysningar må oppgåvegjevaren sitt ni-sifra organisasjonsnummer frå Einingsregisteret nyttast.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla  Ansvarleg revisor.

Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing

Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.

Opplysningsplikta følgjer av skatteforvaltningslova kapittel 7.

Skatteetaten tilbyr to forskjellige skjema i Altinn for rapportering av  desse opplysningane:

  1. Tenesten på denne sida er eit skjema for manuell registrering av oppgåver (NB! Mange oppgåver i same skjema kan føre til tregleik eller feilsituasjonar. Skal du sende inn meir enn 50 oppgåver, tilrår vi at du deler opp innsendinga i fleire skjema).
  2. Skjema RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg kan nyttast for rapportering av filvedlegg.

Treng du hjelp?

Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema.

E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.no
Telefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)

Åpne kontaktskjema