Skjema for rapportering frå aksjeselskap som i inntektsåret har tildelt opsjonar til tilsette. Det skal gjevast opplysningar om kvar tilsett som er tildelte og/eller løysa inn opsjonar.

Start teneste

Om denne tenesta

Frist for levering: 1. februar.

Verksemder som blir omfatta av ordninga for beskatning av opsjonar i arbeidsforhold for oppstartsselskap skal gje opplysningar om tildelte opsjonar til tilsette i løpet av inntektsåret.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla  Ansvarleg revisor.

Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing

Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.

Skatteetaten tilbyr to forskjellige skjema i Altinn for rapportering av  desse opplysningane:

  1. Tenesten på denne sida er eit skjema for manuell registrering av oppgåver (NB! Mange oppgåver i same skjema kan føre til tregleik eller feilsituasjonar. Skal du sende inn meir enn 50 oppgåver, tilrår vi at du deler opp innsendinga i fleire skjema).
  2. Skjema RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg kan nyttast for rapportering av filvedlegg.

Opplysningane blir brukte for at myndene skal få informasjon om kor mange aksjeselskap som nyttar seg av opsjonsordninga og for at Skatteetaten kan overhalda pliktene som støttegjevar etter statstrygdregelverket.

Treng du hjelp?

Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema.

E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.no
Telefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)

Åpne kontaktskjema