Tredjepartsopplysningar - bustadselskap (RF-1139)
Oppgåva dannar grunnlag for likning av den enkelte partshavar/aksjonær i bustadselskapet. Bustadselskapet pliktar å oppgje fordeling av inntekter, kostnadar, formuesverdi, formue og gjeld som samlar seg opp for kvar partshavar/aksjonær.
Årleg rapportering, frist 31. januar.
- 2. januar: Altinn opnar for rapportering av tredjepartsopplysningar.
- 31. januar: Frist for rapportering for bustadselskap.
- 20 februar: Frist for å få innsendte tredjepartsopplysningar med på førehandsutfylt skattemelding.
- 20. oktober: Siste frist for korrigeringar av tredjepartsopplysningar for foregåande inntektsår.
Merk: Oppgåver som blir leverte etter 31. januar året etter inntektsåret, er å rekne som for seint leverte, og oppgåvegjevar kan påleggjast tvangsmulkt.
Korrigering
Ein korrigerer feil i innsendte oppgåver ved å sende dei inn på nytt med riktig beløp. Siste innsending gjeld.
Bustadselskap (burettslag, bustadaksjeselskap, og kommunale bustadleilegheiter) som ikkje vert fastsattlikna som eige skattesubjekt, jf. skattelova § 7-3, har plikt til å rapportera tredjepartsopplysningar for partshavarane/aksjonærane sine.
For å rapportera tredjepartsopplysningar må oppgåvegjevarens nisifra organisasjonsnummer frå Einingsregisteret nyttast.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.
Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla Ansvarleg revisor.
Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing
Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.
Opplysningsplikta følgjer av skatteforvaltningslova kapittel 7.
Skatteetaten tilbyr to forskjellige skjema i Altinn for rapportering av desse opplysningane:
- Tenesten på denne sida er eit skjema for manuell registrering av oppgåver (NB! Mange oppgåver i same skjema kan føre til tregleik eller feilsituasjonar. Skal du sende inn meir enn 50 oppgåver, tilrår vi at du deler opp innsendinga i fleire skjema).
- Skjema RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg kan nyttast for rapportering av filvedlegg.
Treng du hjelp?
Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema.
E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.no
Telefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)