Skjemaet blir brukt av ei verksemd eller eit enkeltpersonføretak, som har tilsette og ønskjer å søkje fritak for solidaransvar.
Start tenesteSkjemaet skal brukast for å søkje fritak for solidaransvar. Det kan søkjast om:
Det kan også søkjast om forlenging av tidlegare innvilga fritak
For å sende inn skjemaet treng du ei av desse rollene i Altinn:
Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil - Skjema og tenester du har rett til. Dersom du ikkje har ei av desse rollene, må du få ei av rollene delegert til deg. Dagleg leiar, styreleiar eller innehavar av verksemda kan delegere roller.
Skjemaet skal brukast for å sende inn søknad med informasjon og vedlagd dokumentasjon som Skatteetaten treng for å behandle søknaden.
Når ein arbeidstakar blir leigd ut, har både oppdragstakar (den som leiger ut) og oppdragsgivar (den som leiger inn) ansvar for at arbeidsgivaravgift og forskotstrekk blir betalt. Då gjeld solidaransvar, det vil seie at både oppdragstakar og oppdragsgivar kan gjerast ansvarlege for ubetalte krav. Oppdragsgivar eller oppdragstakar kan søkje om å bli fritatt for ansvaret og pliktene etter skattebetalingslova.
Svar på søknaden blir sendt til verksemda sin meldingsboks i Altinn.
For enkeltpersonføretak blir svar sendt til innehavar sin meldingsboks i Altinn.
Skatteetatens faglige brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000