Eit skjema der ein rapporterer kontrollopplysningar som Skatteetaten ber om.
SAF-T Regnskap (SAF-T Financial)
Ny utgave som støttar xsd version 1.30
SAF-T Regnskap (SAF-T Financial)
Gammel utgave som støttar xsd versjon 1.20
Skjemaet får ein tilgang til i Altinn. Andre fristar finn du på www.skatteetaten.no.
Næringsdrivande og andre verksemder som har blitt pålagde å rapportere kontrollopplysningane til Skatteetaten. Sjå www.skatteetaten.no/saf-t om du vil ha meir informasjon.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett, Utfyllar/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.
Om selskapet er revisorpliktig, er det krav om rolla Ansvarleg revisor.
Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiinga om roller og rettar.
Kontroller at du har dei nødvendige rollene i god tid før fristen for innrapportering.
Berre gyldige personnummer/D-nummer og organisasjonsnummer kan nyttast når ein loggar på.
Tenesta krev pålogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.
Lovheimel:
Plikta til å rapportere følgjer av ny skatteforvaltingslov § 7-5 femte og sjette ledd og ny skatteforvaltingsforskrift.
Skjemaet består av desse delane:
Vedlegget skal vere i XML-format. Kvar einskild fil som skal lastast opp som eit filvedlegg i Altinn kan per i dag maksimalt vere 200 MB (etter pakking til zip). Som hovudregel tilrår ein alltid å pakke XML-filer til ZIP-format.
Skatteetatens faglige brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000