Registrering av verksemd for produksjon, innførsel og engrossal av alkoholhaldig drikke
Det blir stilt krav til registrering av alle verksemder som ønsker å produsere, innføre eller drive engrossal av alkoholhaldig drikke. Nedanfor finn du meir informasjon om dette.
Verksemder som skal søke om registrering for produksjon, import eller engrossal av alkoholhaldige drikkevarer.
Kva skal eg leggje ved?
Dette må du dokumentere og opplyse om i søknaden:
- bevilling, dersom du skal produsere alkohol
- politiattest
- beskriving av lokala
- type varer
- returordning for emballasje
- berekning av forventa særavgift
- tidspunkt for registrering
Kvifor skal skjemaet brukast?
Meir om skjemaet
På Skatteetaten sine nettsider finn du ein stegvis søknad for å bli registrert som særavgiftspliktig verksemd.
Saksbehandlingstid:
Ein søknadsprosess tar normalt inntil 4 veker. Det kan gå raskare dersom du har beskrive og dokumentert godt med ein gong. Det kan også ta lengre tid om du for eksempel må skaffe bankgaranti.
Gebyr:
Det er ikkje gebyr for å søke om registrering av verksemd som særavgiftspliktig.
Klagerett:
Du har moglegheit til å klage på vedtak om registrering etter reglane i skatteforvaltningslova kapittel 13.
Skatteetatens faglige brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000