Viss du meiner noko er feil med formues- og inntektsskatten din for 2024, 2023 eller 2022 kan du gå inn via lenka her: Eg vil endre eller klage på formues- og inntektsskatten, så skal vi fortelje deg korleis du går fram. Dette skjemaet, RF-1117, gjeld berre for inntektsåret 2021 og 2020.
Start tenesteFeilen gjeld inntektsåret 2021 eller 2020
Meiner du det er feil i skatteoppgjeret ditt for inntektsåret 2021 eller 2020, kan du anmode Skatteetaten om å endre dette. Dette gjer du ved å sende inn skjema RF-1117.
Hugs å grunngi kvifor du meiner at skatteoppgjeret er feil. Årsaken til feilen kan vera at skattemeldinga inneheld feil eller manglar om til dømes feil skatteklasse, opplysningar om inntekt, formue, frådrag eller berekningar om skattar og avgifter.
Skjemaet blir nytta av alle som vil klage på likninga. Forskotspliktige skattytarar skal levere skjema på fødselsnummeret sitt. Selskap med deltakerfastsetting og etterskotspliktige skattytarar skal levere på organisasjonsnummer.
Skjemaet er tilgjengeleg for alle med unnatak av:
Om du vil klage på skatteoppgjeret for inntektsåret 2020 og tidlegare år, kan du sende inn skjemaet elektronisk. Skjemaet blir sendt vidare til skattekontoret for behandling.
Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.