Rapportering til Skatteetaten frå næringsdrivande som kjøper eller omset korn frå produsentar.
Start tenesteÅrleg rapportering, frist 1. februar.
Merk: Oppgåver som blir leverte etter fristen 1. februar året etter inntektsåret, er for seint leverte, og oppgåvegivar kan bli pålagd tvangsmulkt.
Næringsdrivande som utøver næring ved å kjøpe og omsetje landbruksprodukt, pliktar å gi Skatteetaten opplysningar om all omsetning med produsentane.
For å rapportera tredjepartsopplysningar må opplysningspliktig sitt ni-sifra organisasjonsnummer frå Einingsregisteret nyttast.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.
Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla Ansvarleg revisor.
Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing
Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.
Opplysningsplikta følgjer av skatteforvaltningslova kapittel 7.
Skatteetaten tilbyr to forskjellige skjema i Altinn for rapportering av desse opplysningane:
Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema.
E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.no
Telefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)