Søknad om stadfesting av skattemessig bustad (RF-1306)

Bestillingsskjemaet blir nytta av privatpersonar som har behov for å bestille en skattemessig stadfesting av bustad. For at du skal få best mogleg hjelp må vi vite litt om kva du treng hjelp til.

Attester, utskrifter og innsyn

Om denne tenesta

Du skal bruke skjemaet når du treng å dokumentere skattemessig bustad for å unngå dobbel skattlegging. Det kan til dømes vere i samband med dobbel bustad, fakturering, utbytte, royalties, arbeid i utlandet eller liknande.

Privatpersonar og næringsdrivande med enkeltpersonføretak skal bruke skjemaet.

Bruk skjemaet for å bestille ei stadfesting på skattemessig bustad. Vi sender attesten til den folkeregistrerte adressa di. Attesten blir ikkje send digitalt. 

Dette skjemaet er definert med private rettar, dvs. at det ikkje er andre enn du sjølv som vil kunne sjå den innsendte førespurnaden, mottakskvitteringa og svaret i Altinn. 

Treng du hjelp?

Skatteetaten si faglege brukarstøtte svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema.

Telefon 800 80 000

Åpne kontaktskjema