Frå og med 2024 (inntektsåret 2023) skal alle bruke den nye aksjeoppgåva. Logg deg inn på skatteetaten.no/aksjeoppgåva for å kome til den rette løysinga.
I dette skjemaet kan du berre korrigere inngangsverdi eller realisasjonsvederlag for anskaffingar og realisasjonar som er gjorde i 2022 (post 306). Innleveringsfristen er den same som for skattemeldinga. For dei fleste vil det seie 30. april. Dersom du ikkje har endringar til oppgåva, skal oppgåva ikkje leverast.
Til innboksenLeveringsfristen følgjer skattemeldingsfristen. For dei fleste er dette 30. april. Dersom du har fått utsett fristen for levering av skattemeldinga, gjeld den utsette fristen òg for levering av Aksjeoppgåva.
Du skal berre levere oppgåva dersom du har gjort endringar i den.
Dersom du oppdagar at du har sendt inn feil opplysningar og må sende inn ein gong til, kan du i Arkiv velje «Lag ny kopi» og sende inn på nytt. Siste innsending gjeld.
Personlege skattytarar (inkludert personleg næringsdrivande) skal berre levere oppgåva dersom dei gjer endringar i oppgåva. Det kan berre gjerast endringar for aksjar som er kjøpte eller selde i inntektsåret.
Selskapsaksjonærar skal ikkje levere oppgåva.
For å fylle ut dette skjemaet for andre treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar. Signering krev rolla Avgrenset signeringsrett.
Du kan sjå kva rolle du har for ein aktør på sida sida Skjema og tenester du har rett til, som du finn under Profil. Dersom du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg.
Kven mottek Aksjeoppgåva
Frå og med 2024 (inntektsåret 2023) skal alle bruke den nye aksjeoppgåva. Logg deg inn på skatteetaten.no/aksjeoppgåva for å kome til den rette løysinga.
Du skal berre levere Aksjeoppgåva om du har endringar i inngangsverdi (kjøpssum) eller realisasjonsvederlag (salgssum) for anskaffingar og realisasjonar som er gjort i løpet av inntektsåret.
Kvifor får du tilsendt oppgåva?
Oppgåva skal hjelpe deg med å kome fram til rette skattepliktige beløp slik at du får dei frådraga du har krav på i aksjeinntektene dine.
Personlege aksjonærar skal betale skatt av utbytte på aksjar og av gevinst ved sal av aksjar utover eit skjermingsfrådrag.
Kva skal du gjere?
Du må kontrollere oppgåva før du gjer deg ferdig med skattemeldinga.
Det er spesielt viktig at du kontrollerer:
Verdiane stemmer
Dei skattepliktige beløpa er førehandsutfylte i skattemeldinga. Dersom du ikkje har endringar til oppgåva, treng du ikkje gjere noko.
Verdiane stemmer ikkje
Då må du rette dei tala som er feil eller mangelfulle, og føre det rette skattepliktige beløpet i skattemeldinga.
I slike tilfelle må du levere både skattemeldinga og denne oppgåva. Endringar i post 205 gjerast kun i skattmeldinga. Du kan få hjelp til å rekne ut det rette skattepliktige beløpet dersom du gjer desse rettingane i Altinn.
Oppdatert oppgåve
Dersom du gjer endringar i oppgåva kan dette føre til at beløpa som skal stå i skattemeldinga må endrast. Dersom du gjer endringar vil du få ei oppdatert oppgåve.
Anskaffingar/realisasjonar som ikkje står i oppgåva
Dersom du ved utgangen av inntektsåret eigde aksjar som ikkje er med i oppgåva, skal du opplyse om desse direkte i skattemeldinga. Dersom du har selt eller på annan måte realisert aksjar i løpet av inntektsåret og desse aksjane ikkje står i oppgåva endrer du direkte i skattemeldinga.
Aksjar du har på aksjesparekonto (ASK) står ikkje i denne oppgåva, men skal stå i skattemeldinga. Utbytte som vart delt ut før aksjane vart overførte til aksjesparekonto, skal likevel gå fram av aksjeoppgåva.
For meir om skjema, sjå rettleiinga på www.skatteetaten.no
Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000