Sertifisering av lasteskip, lekterar og passasjerskip
Når skal skjemaet brukast?
Søknad skal sendast til Sjøfartsdirektoratet.
Kva skal eg leggje ved?
Teikningar og annan dokumentasjon skal vere lagt ved søknaden.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Da skipsfarta i utgangspunktet er ei fri næring, blir det ikkje gitt løyve eller konsesjonar i snever forstand. Likevel stiller ein ei rekkje krav til mannskap, fartøy og sjølve drifta. Godkjenning av at krava er oppfylt skjer vesentleg i form av sertifisering på bakgrunn av inspeksjonar som blir føreteke.
LOV 2007-02-16 nr 09: Lov om skipssikkerhet (skipssikkerhetsloven)
FOR 2004-06-01 nr 931: Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften)
FOR 1991-10-16 nr 853: Forskrift om beredskapsfartøy
FOR-2014-12-22 nr 1893 Forskrift om tilsyn og sertifikat for norske skip og flyttbare innretninger
FOR 2014-07-01 nr 1072: Forskrift om bygging av skip
FOR 2005-09-09 nr 1218: Forskrift om bygging og drift av passasjerskip drevet med gass
FOR 2012-05-30 nr 488: Forskrift om miljømessig sikkerhet for skip og flyttbare innretninger
Meir om skjemaet
Dei enkelte sertifikata si gyldigheitstid er som følgjer:
Løyve til avgrensa passasjertransport: 1 år
Passasjersertifikat (innanriks fart): 5 år
Tryggleikssertifikat for passasjerskip (EF): 1 år
Tryggleikssertifikat for passasjerskip (utanriks fart): 1 år
Tryggleikssertifikat for radiotelefoni: 3 år for passasjerskip – fartsområde 3, ev. 5 år
Internasjonalt lastelinjesertifikat: 5 år
Tryggleikssertifikat for konstruksjon av lasteskip: 5 år
Operasjonsløyve for hurtiggåande fartøy: 5 år
Tryggleiksstyringssertifikat: 5 år
Internasjonalt sertifikat for hindring av oljeforureining: 5 år
Internasjonalt sertifikat for hindring av kloakkforureining: 5 år
Godkjenningsbevis: 5 år
Midlertidig tryggleiksstyringssertifikat: 6 månader
Midlertidig godkjenningsbevis: 1 år
Tryggleikssertifikat for utstyr på lasteskip: 5 år
Fartssertifikat: 5 år
Erklæring om førstegangssynfaring: Uavgrensa, reiar/førar skal sjølv føre kontroll med at skipet er i sjødyktig stand.
Tryggleikssertifikat for hurtiggåande fartøy: 5 år
Målebrev: inntil endringar på fartøyet
Beredskapsfartøysertifikat: 5 år
ISPS – Internasjonalt tryggleiks- og terrorberedskapssertifikat: 5 år
Gass og kjemikaliesertifikat: 5 år