Personellsertifikat og opplæringskrav innan skipsfart
Når skal skjemaet brukast?
Signert søknad skal sendast til Sjøfartsdirektoratet.
Kven skal bruke skjemaet?
Personell som skal tenestegjere på skip.
Kva skal eg leggje ved?
Dokumentasjonskrav er skildra i rettleiinga til den enkelte søknaden.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Alle personar i sertifikatpliktige stillingar om bord skal ha sertifikat som er oppdatert i samsvar med krava i den reviderte STCW95-konvensjonen.
LOV 2007-02-16 nr 09: Lov om skipssikkerhet (skipssikkerhetsloven).
FOR 2011-12-22 nr 1523: Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk.
Meir om skjemaet
Ordninga gjeld formelle krav, løyve og autorisasjonar som gjeld personellsertifikat og opplæringskrav innan skipsfart.
Da skipsfarten i utgangspunktet er ei fri næring, tildelar ein ikkje konsesjonar/løyve i snever forstand. Derimot blir det stilt ei rekkje spesifikke krav til mannskap, fartøy og sjølve drifta.
Krav til søkjar:
Godkjenning av at krava er oppfylt skjer vesentleg i form av sertifisering. Spesifikasjonskrav er utførlig skildra i forskrift om kvalifikasjonar mv. for sjøfolk.