Om denne tenesta

Meldinga blir sendt til Sjøfartsdirektoratet.

Reiarlag.

Følgjande dokumentasjon skal vere lagt ved søknaden:

Stadfesting på at skipsførar er frå EØS-land.
Stadfesting på at frakta ikkje er ledd i eit fast ruteopplegg.

Lasteskip registrert i NIS (norsk internasjonalt skipsregister), unntatt fartøy som er omfatta av forskrift av 30.juni 1987 nr 579 om særskild fartsområde for fartøy og flyttbare innretningar i petroleumsverksemd registert i NIS, treng løyve frå Sjøfartsdirektoratet for å føre last mellom norske hamner.

Skip som er omfatta av forskrift om utvida fartsområde for lasteskip registrert i norsk internasjonalt skipsregister, og som har norsk skipsførar, kan føre slik last som det er spesielt bygga eller utrusta for, mellom norske hamner når det er på veg til eller frå utanlandsk hamn med last og frakta ikkje er ledd i eit fast ruteopplegg. Det er vidare eit vilkår at slik transport fører til ei rasjonell utnytting av den tonnasje som er tilgjengeleg, og ikkje medfører uønskte konsekvensar for skip registrert i det ordinære skipsregisteret.

Høyringsinstansar:
Norsk Sjøoffisers forbund, Norsk sjømannsforbund, Det Norske Maskinistforbund, Norges Rederiforbund, Rederienes Landsforening og Fraktefartøyenes Rederiforening har 2 vekers svarfrist, kortare i særlege tilfelle. FOR 19890816 0818 gjeld forskrift til gjennomføring av forskrift om utvida fartsområde for lasteskip i NIS.

Følgjande hovudgrupper av skip kan komme inn under bruksføresegnet i ovannemnte forskrift:

- gass-/kjemikalieskip
- fryseskip
- containerskip
- sementtankarar
- asfalttankarar
- ro-ro skip m/spesielt utstyr

Vanlege stykkgods- og bulkskip kan derimot ikkje bli rekna å vere omfatta av forskrifta.

Krav til søkjar:

Melding frå reiarlaget til Sjøfartsdirektoratet bør gjevast på skjema KS-0105B. Skipet må ha skipsførar med nasjonalitet frå EØS-land. Skipet må kunne føre slik last det er spesielt bygga eller utrusta for, mellom norske hamner når det er på veg til eller frå utanlandsk hamn med last og frakta ikkje er ledd i et fast ruteopplegg. Transporten må føre til ei rasjonell utnytting av den tonnasje som er tilgjengeleg. Transporten må ikkje medføre uønskte konsekvensar for skip registert i det ordinære skipsregisteret. Sjøfartsdirektoratet må ha gitt melding om at skipet er oppført på liste.

Åpne kontaktskjema