Om denne tenesta

Send søknaden om sertifikat til Sjøfartsdirektoratet.

Alle fiske- og fangstfartøy frå 10,67 meter.

Fartssertifikat og fartøyinstruks for fiske- og fangstfartøy vert sendt ut av Sjøfartsdirektoratet.

Fartssertifikat:
Fartssertifikat er nødvendig for fiske- og fangstfartøyer på 15 m største lengde og meir. Det skal ikkje utferdast fartssertifikat for isfarvatn for fartøy med største lengde (L) mindre enn 24 m.

Fartøyinstruks:
Fartøyinstruks er nødvendig for fiske- og fangstfartøy med største lengde på 10,67 m og derover, men under 15 m. Det skal ikkje utferdast fartøyinstruks for større fartsområde enn bankfiske II.

Synfaring:
Fartøyet skal underkastast ei omfattande undersøking av bl.a. skrog og rigg med tilbehøyr, sikringsutstyr, maskineri, kjelar, innreiing, utrusting og bemanning.
Om skipet er klassifisert eller ikkje avgjer kven som skal gjere heile eller delar av synfaringa. Synfaring av fiskefartøy frå 10,67 til 15 meter største lengde kan utførast av "Godkjent føretak".

Krav til søkjar:

Krav til praksis.
Krav til minstealder.

Merknadar:

Godkjenning av føretak vert gjort av Sjøfartsdirektoratet.

Eit fartssertifikat varar inntil 4 år.
Fartøyinstruksen varar inntil 30 mnd.

Åpne kontaktskjema