Alle næringsdrivande som tilbyr pakkereiser eller samansette reiser må stille reisegaranti. Dette gjeld også næringsdrivande som ikkje er etablert i Noreg, så lenge dei rettar verksemda si mot den norske marknaden.
Alle som skal drive med reisearrangørverksemd.
Garanti, pantsetjingserklæring og eigenerklæringsskjema må vere vedlagt søknaden.
Formålet med reisegarantiordninga er å sikre kunden som har kjøpt pakkereiser, mot tap ved konkurs, akkord eller insolvens hos arrangøren.
Lov om pakkereiser og reisegaranti (pakkereiseloven). Kapittel 8 om reisegaranti
Ordninga med reisegaranti er lovpålagd. Stiftinga Reisegarantifondet administrerer reisegarantiordninga i Noreg.
Med reisegaranti siktar ein til garanti utskrive av bank eller forsikringsselskap i favør av Reisegarantifondet. Bank eller forsikringsselskap skal forplikte seg til etter påkrav å utbetale til Reisegarantifondet eit beløp avgrensa oppover til garantiens pålydande. Reisegarantifondet kan også godta at det blir stilt annan trygg garanti.
Storleiken på reisegarantien skal vere tilstrekkeleg til å dekkje den næringsdrivande garantipliktige omsetninga til kvar tid.
Forskrift til lov om pakkereiser og reisegaranti mv., § 3 om beregning av reisegarantiens størrelse
Det skal betalast eit årsgebyr til Reisegarantifondet.
Vedtak om reisegaranti (både når det gjeld plikta til å vere medlem og storleiken på garantien) kan klagast på til Barne- og Likestillingsdepartementet.