Løyve til å drive handel med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Alle som skal drive handel med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon må på førehand søkje løyve hos stadleg politidistrikt.

Om denne tenesta

Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:

Dokumentasjon på faglege kvalifikasjonar.
Dokumentasjon på at naudsynte registreringar og løyver finst.
Det skal vidare vere lagt ved ei beskriving av søkjaren sine lager- og forretningslokale som gjer det mogleg å avgjere om dei tilfredsstiller dei til ei kvar tid gjeldande krav til sikkerheit mot brann, eksplosjonsfare og tjuveri.
Ein må kunne dokumentere at forretningslokalet er godkjent til næringsverksemd.

Kriterium/vilkår:

Det er krav til registrering i Føretaksregisteret før løyve blir gjeve.
Det er krav om at søkjar skal vere registrert i Meirverdiavgiftsregisteret innan tre månader.
Det er krav til at forretningslokala tilfredsstiller krava i plan- og bygningslova. For nærmare informasjon kan den aktuelle kommune kontaktast.
Krav til minst to års praksis i våpenforretning ev. bestått kurs godkjent av Politidirektoratet.
21 års aldersgrense.
Krav til vandel og skikkaheit.

Merknader:

Det er knytte saksbehandlingsgebyr til søknadsbehandlinga. Betaling av gebyr for løyve skal anten vere vedlagt søknaden eller vere betalt innan 14 dagar etter at løyve er gjeve.

Meir informasjon om ordninga finn ein på politiet sin nettstad.

Åpne kontaktskjema