Løyve for å drive handelsverksemd med oppkjøp av brukte og kasserte ting med sikte på sal

Du treng løyve frå politiet for å drive handel med enkelte brukte varer.

Du treng løyve for å drive handel med:

  • varer av edelt metall
  • edelsteinar og perler
  • kulturgjenstandar
  • kunstverk, samleobjekt og antikvitetar
  • motorvogner og tilhengjarar til motorvogner

 

Finn skjemaet på politiet.no

Om denne tenesta

Firmaattest.

Kriterium/vilkår:

Det blir stilt krav til registrering i Føretaksregisteret før løyve blir gjeve.

  • Send søknaden med vedlegg i posten eller på e-post til politiet i distriktet der føretaket har den faste forretningsadressa si, altså adressa som er registrert i Føretaksregisteret.
  •  

Merknader:

Ev. tidlegare domfellingar/bøteleggingar vil kunne bli tillagt vekt i behandlinga av løyvesøknaden. Ein må vere merksam på at alle handlingar som gir grunn til å frykte misbruk av ei brukthandelløyve vert vektlagde. 

Domfelling/bøtelegging for ran, tjuveri, heleri e.l. de siste to åra, vil under alle omstende medføre avslag på søknad om løyve. Politiet vil kunne gje ei førehandsvurdering av vandelen til søkaren.

For meir informasjon om ordninga sjå politiet sin nettstad.

Gebyr:

Nei

Saksbehandlingstid:

Du skal få eit førebels svar på søknaden innan fire veker. Søknad om brukthandelløyve skal vere behandla innan åtte veker.

Klagerett:

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du fekk svaret. Du sender klaga i brev til politidistriktet som avgjorde søknaden. Oversikt over politidistrikta og deira adresser finn du på politiet.no.

Åpne kontaktskjema