Melding til Patentstyret om endring, overdragelse, pant, lisens eller PPH
Bruk skjemaet for endringar i namn, adresse eller fullmektig i søknader eller rettar knytte til konkrete varemerke-, design- og patentsaker. Bruk skjemaet og for overdragelser, trekninger, pant, lisens, endring i varer og tenester for registrerte varemerker og Patent Prosecution Highway (PPH).
Du kan levere skjemaet som privatperson eller på vegner av ein organisasjon. Dersom du ønskjer å representere ein organisasjon, treng du Altinn-rolla Patent, varemerke og design.
Bruk skjemaet for
• endring av namn/adresse,
• overdragelse/overføring/fusjon/fisjon
• endring av fullmektig
• pant for patent og varemerke
• lisens for patent, design og varemerke
• trekning/sletting
• avgrensing av varer/tjenester i eit registrert varemerke
• Patent Prosecution Highway (PPH)
Husk at i internasjonale varemerkeregistreringar og designregistreringar er det berre fullmektigendringar du skal melde til Patentstyret. Andre endringar skal du melde direkte til WIPO.
Kvittering finn du på kvitteringsida som kjem opp når du har levert skjemaet, og i arkivet i Altinn.
Alle dokument knytte til meldinga vil bli publiserte på nettsidene våre. Vi skjermar i utgangspunktet sensitive opplysingar og teiepliktig informasjon. Du kan be oss om å halde forretningsløyndomar unna offentlegheita. Marker tydeleg kva opplysingar i skjemaet som dette skal gjelde. Vi vil deretter vurdere om opplysingane kan haldast unna offentlegheita.
Treng du hjelp?
Kundesenteret i Patentstyret kan svare på fagleg relaterte spørsmål.
Telefon: +47 22 38 73 00
E-post: post@patentstyret.no
Tilgjengelighetserklæring